På Fiji hadde vi ein workshop for ein gjeng entusiastiske lokale damer.
Vi boltra oss i eksotiske blomster som vi plukka ute.

Bukettane og dekorasjonane som vi laga ga vi vekk til ein aldersheim og eit barnesjukehus.
Dette vart tatt imot med enormt stor glede og takknemmeligheit.

På denne måten fekk vi gleda endå fleire og det kjennest veldig godt.

Interflora sponsa eindel knivar, tenger og blomsterutstyr.Dette ga vi vidare til ei dame som vi inspirerte til å starte blomsterbutikk medan vi var der. Ein draum ho hadde hatt lenge som ho ikkje våga å sette ut i livet før no.